 |
| På eit dødsdømt lite Vestlandsbruk har Humørbonden tatt ny sats. Her er det skapt ein besøksgard med variert innahald innan kunnskapsformidling og oppleving. Humørbondens visjon: Eg vil gje folk refleksjonar! Difor reiser han mykje rundt i landet og held foredrag om Bygdedyr og Humørbondoligi |
 |
04. Okt 2009
Interessant dag i godt selskap
Humørbonden skal halde foredrag i Mosjøen kulturhus på Lydiadagen 16.10 2009. Der er han på plakaten saman med Jan Vincents Johannessen og ei rekkje andre sterke namn Les meir
23. Aug 2009
Eigenprodusert videosnutt lagt ut på heimesidene!
Vi har no kome så langt at teknikken funkar med opptak, redigering og publisering av videosnuttar. Tusen takk for god jobb, Heidi! Les meir
15. Aug 2009
NY BOK er leveringsklar!
Eg har no fått ein heil palle frå trykkeriet, og boka "Beina på bordet" er klar for levering. Send meg ein bestillingsmail, og du får den fritt levert i posten for kr 230.- Les meir
22. Feb 2009
Heimesider og oppdatering
Eg seier som det er: Heimesidene våre treng oppdatering Les meir
22. Feb 2009
Nye bøker på gang.
Suksessen med "Båten blir til mens du ror" har freista meg til å skrive meir. Les meir
13. Jan 2008
Travelt humørbondologisk år
Humørbonden har reist over heile landet, frå Alta til Stavanger Les meir
08. Apr 2007
Humor og alvor i vest
Fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde ei felles årsmøtesamling i år. Her stod både alvorlig humuor og bare alvor på sakskartet. ( av Leonid Rødstein, Nordes Bonde- og småbrukarlag, 16 mars 2007) Les meir
08. Apr 2007
Humørbonden først ut på Vossa Jazz
Humørbonden var førstemann ut på årets Vossa Jazz, det skjedde gjennom at han held foredrag på eit næringslivsseminar i forkant av opninga av Vossa Jazz. Rett etterpå var det eit inspirasjonsforedrag av Tom Åge Myhren frå Lucky Næroset Les meir
08. Apr 2007
"Roses for kreativitet"
"Bondeorganisasjonene roser Geir Styve for kreativiteten hans" står det å lese i Bergens Tidende 27.3 2007. Ja, slikt må ein jo ta med seg som inspirasjon på vegen vidare. Les meir
09. Jan 2007
Nye oppdrag strøymer inn
Humørbonden er etterspurt som foredragshaldar, og oppdraga strøymer inn. Les meir |
15. Aug 2009
NY BOK er leveringsklar! Eg har no fått ein heil palle frå trykkeriet, og boka "Beina på bordet" er klar for levering. Send meg ein bestillingsmail, og du får den fritt levert i posten for kr 230.-
Boka er ei kåserisamling med sjølvstendige stubbar som tar 5-10 minutt å lese. Det som vert presentert er mellom anna tankar om livet og tilværet i seg sjølv, lokalsamfunnsutvikling og oppmuntring. I tillegg har eg teke med historier frå barnemunn etter mange år med rideskuledrift. Det er copyright på boka - rett til å kopiere. Dette betyr at du gjerne må framføre kåseria, sitere eller andre ting du gjerne vil. Det einaste er at eg hadde hatt stor glede av å få tilbakemeldingar på korleis du oppfatta boka, og kva du har brukt den til. Slikt er lærerikt for meg!
|