 |
| På eit dødsdømt lite Vestlandsbruk har Humørbonden tatt ny sats. Her er det skapt ein besøksgard med variert innahald innan kunnskapsformidling og oppleving. Humørbondens visjon: Eg vil gje folk refleksjonar! Difor reiser han mykje rundt i landet og held foredrag om Bygdedyr og Humørbondoligi |
 |
04. Okt 2009
Interessant dag i godt selskap
Humørbonden skal halde foredrag i Mosjøen kulturhus på Lydiadagen 16.10 2009. Der er han på plakaten saman med Jan Vincents Johannessen og ei rekkje andre sterke namn Les meir
23. Aug 2009
Eigenprodusert videosnutt lagt ut på heimesidene!
Vi har no kome så langt at teknikken funkar med opptak, redigering og publisering av videosnuttar. Tusen takk for god jobb, Heidi! Les meir
15. Aug 2009
NY BOK er leveringsklar!
Eg har no fått ein heil palle frå trykkeriet, og boka "Beina på bordet" er klar for levering. Send meg ein bestillingsmail, og du får den fritt levert i posten for kr 230.- Les meir
22. Feb 2009
Heimesider og oppdatering
Eg seier som det er: Heimesidene våre treng oppdatering Les meir
22. Feb 2009
Nye bøker på gang.
Suksessen med "Båten blir til mens du ror" har freista meg til å skrive meir. Les meir
13. Jan 2008
Travelt humørbondologisk år
Humørbonden har reist over heile landet, frå Alta til Stavanger Les meir
08. Apr 2007
Humor og alvor i vest
Fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde ei felles årsmøtesamling i år. Her stod både alvorlig humuor og bare alvor på sakskartet. ( av Leonid Rødstein, Nordes Bonde- og småbrukarlag, 16 mars 2007) Les meir
08. Apr 2007
Humørbonden først ut på Vossa Jazz
Humørbonden var førstemann ut på årets Vossa Jazz, det skjedde gjennom at han held foredrag på eit næringslivsseminar i forkant av opninga av Vossa Jazz. Rett etterpå var det eit inspirasjonsforedrag av Tom Åge Myhren frå Lucky Næroset Les meir
08. Apr 2007
"Roses for kreativitet"
"Bondeorganisasjonene roser Geir Styve for kreativiteten hans" står det å lese i Bergens Tidende 27.3 2007. Ja, slikt må ein jo ta med seg som inspirasjon på vegen vidare. Les meir
09. Jan 2007
Nye oppdrag strøymer inn
Humørbonden er etterspurt som foredragshaldar, og oppdraga strøymer inn. Les meir |
08. Apr 2007
Humørbonden først ut på Vossa Jazz Humørbonden var førstemann ut på årets Vossa Jazz, det skjedde gjennom at han held foredrag på eit næringslivsseminar i forkant av opninga av Vossa Jazz. Rett etterpå var det eit inspirasjonsforedrag av Tom Åge Myhren frå Lucky Næroset
Vi er stolte over forhåndsomtalen vi fekk i invitasjonen:
INSPIRASJON” - TankeKraft, SkaparKraft og HandleKraft -
I desse dagar er det mange spanande prosessar som er i startgropa på Voss – felles koordinering og samling står sentralt. Nokre av tiltaka er felles profil, reiselivsplan, Voss på Nett, Ski Voss, Festival Voss og samlinga av næringslivet som støttespelarar for Vossa Jazz i Vossa Jazz Lauget. Som inspirasjon og fagleg påfyll til desse viktige prosessane inviterer Vossa Jazz Lauget, i samarbeid med Festival Voss og Voss Kommune, til inspirasjonsseminar for næringslivet på Voss. Dette blir ein kveld med fokus på moglegheiter og moro. Me er svært stolte av å kunne presentera to av landets aller beste føredragshaldarar – møt opp og la deg inspirera!
|