På eit dødsdømt lite Vestlandsbruk har Humørbonden tatt ny sats. Her er det skapt ein besøksgard med variert innahald innan kunnskapsformidling og oppleving. Humørbondens visjon: Eg vil gje folk refleksjonar! Difor reiser han mykje rundt i landet og held foredrag om Bygdedyr og Humørbondoligi

04. Okt 2009
Interessant dag i godt selskap
Humørbonden skal halde foredrag i Mosjøen kulturhus på Lydiadagen 16.10 2009.  Der er han på plakaten saman med  Jan Vincents Johannessen og ei rekkje andre sterke namn
Les meir

23. Aug 2009
Eigenprodusert videosnutt lagt ut på heimesidene!

Vi har no kome så langt at teknikken funkar med opptak, redigering og publisering av videosnuttar.  Tusen takk for god jobb, Heidi! 


Les meir

15. Aug 2009
NY BOK er leveringsklar!
Eg har no fått ein heil palle frå trykkeriet, og boka "Beina på bordet" er klar for levering.  Send meg ein bestillingsmail, og du får den fritt levert i posten for kr 230.-
Les meir

22. Feb 2009
Heimesider og oppdatering

Eg seier som det er:  Heimesidene våre treng oppdatering


Les meir

22. Feb 2009
Nye bøker på gang.
Suksessen med "Båten blir til mens du ror" har freista meg til å skrive meir. 
Les meir

13. Jan 2008
Travelt humørbondologisk år
Humørbonden har reist over heile landet, frå Alta til Stavanger
Les meir

08. Apr 2007
Humor og alvor i vest

Fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde ei felles årsmøtesamling i år.  Her stod både alvorlig humuor og bare alvor på sakskartet.

( av Leonid Rødstein, Nordes Bonde- og småbrukarlag, 16 mars 2007)


Les meir

08. Apr 2007
Humørbonden først ut på Vossa Jazz

Humørbonden var førstemann ut på årets Vossa Jazz, det skjedde gjennom at han held foredrag på eit næringslivsseminar i forkant av opninga av Vossa Jazz.  Rett etterpå var det eit inspirasjonsforedrag av Tom Åge Myhren frå Lucky Næroset


Les meir

08. Apr 2007
"Roses for kreativitet"

"Bondeorganisasjonene roser Geir Styve for kreativiteten hans" står det å lese i Bergens Tidende 27.3 2007.

Ja, slikt må ein jo ta med seg som inspirasjon på vegen vidare.


Les meir

09. Jan 2007
Nye oppdrag strøymer inn
Humørbonden er etterspurt som foredragshaldar, og oppdraga strøymer inn.
Les meir

 
Omtaler


 

Slutten

 

 

Googlar du på Humørbonde/ Humørbonden får du mange treff / omtalar. Her er nokre av dei, frå heile landet:

 

Brekke

 

Hei, Geir. Tusen takk for kjempeflott innslag i Balestrand i helga! Det er brei semje om at foredraget ditt var midt i blinken – perfekt blanding av meiningsfullt innhald og kosteleg underhaldning som tilsette på alle nivå i SiB kunne kjenne seg att i og bli inspirert av. Du vil bli snakka varmt om, og referert til, i lang tid. Lukke til vidare!

Mvh. Hege Rognøy Fossåskaret, Personal- og utviklingssjef, Studentsamskipnaden i Bergen

Det fins også mange mediaklipp/omtalar. Her er eit utval:

Norgesglasset nrk p1 4 episodar

m/ lydfilar

 

BTV

m/video

Radio Excact del 1

Radio Excact del 2

m/lydfilar

I oktober 2008 inviterte LINK alle i Lillesand til seminaret Helårsbegeistring. Det ble et forrykende foredrag med Humørbonden Geir Styve som la grunnlaget; "Å skape med det du har der du er".

( Saksa frå "LangbordPosten" i samband med omlegging av E18 ved Lillesand)

Og her er ein del eldre saker:

16/6 2006 - Humørbonden som guru i Lucky Næroset

Humørbonden deltok på arrangementet INNOBYGD 2006 i fristaten Lucky Næroset. Her er foto frå foredraget om forsking gjort ved Humørbondologisk Institutt i Nordhordland. Her er gjort funn som viser at det er nødvendig å utdanne oppmuntringsagentar over heile landet for å infisere nasjonen med Glede, Glød og Begeistring. I bakgrunnen fantasiministeren i Lucky Næroset.

Som ein del av INNOBYGD 2006 hadde Humørbonden oppdrag med å "sitta Guru" i Lykketrøllparken. Her kunne konferansedeltakarane bestille time for å stille spørsmål. Les meir frå avisa Nationen.

 

Utanfor De Utenkte Tankers tårn var konferansedeltakarane vitne til ein gripande og tankevekkjande seremoni under avdukinga av Fantasiens Manifest. BegeistRingen omgav Humørbonden.

Nedanfor ser du to av drivkreftene bak Lucky Næroset og u8 as, Tom Åge Myhren og Hans Christian Medlien, straks etter avdukinga av Fantasiens manifest. Humørbonden har - til like med mange andre - mykje å takke desse karane for!

 

 


27.5.2006 Humørbonden som Frøya-ambassadør!



Humørbonden vart etter gjennomført diplomatkurs under "Frøya inn i Framtida" - mai 2005 - approbert som Frøyaambasadør til Lindås. På eittårsdagen for utnemninga deltok han, i fulle pontifokalier, på Frøyas festbord med 600 gjester til ein 172 rettars ( det er faktisk sant!) middag.


Dette er nærbilete av ambassadørsløyfe og medaljane for Humor, Fantasi, Galskap og Mot. Legg også merke til begeistRingen på jakkeslaget, den første som vart utdelt i Norge!

28.4 2006 Omtale i bladet Bondevennen nr 16/17
Alvor og oppmuntring i landbruket.
Geir Styve frå Hjelmås ved Bergen har humørspredning som deltidsjobb, ved sida av at han er småbruker. På et møte for bønder i Stavanger i vinter oppmuntra han til å se mer lyst på livet. Han hadde søkt på Internett, og fått inntrykk av at landbruket ikke utmerker seg med optimisme. Et søk på "alvor og landbruk" gav 36.600 treff, mens søk på "oppmuntring og landbruk " gva 338 treff. Det gir en faktor på 108 til 1 mellom alvor og oppmuntring, noe han mener er en kraftig skjevfordeling.
Les mer om Humørbonden på www.humorbonden.no

29.3.2006 BegeistRing i stjerneklassen.
Norges mest berømte og entusiastiske stjernekikker Knut Jørgen Røed Ødegaard ble tildelt BegeistRingen etter et foredrag for ca 200 astronomiinteresserte under turen til Tyrkia for å oppleve den totale solformørkelsen 29.3.2006. Oppmerksomheten ble gitt av Humørbonden, Geir Styve, som fremhevet at Knut Jørgen i stor grad lever opp til grunnverdiene fra Lucky Næroset; fantasi, humor, galskap og mot.  Ut fra dette har han skapt glede, glød og begeistring uten sidestykke over hele landet for kunnskap om, og opplevelse av, universet som omgir oss.



Knut Jørgen fikk begeistret applaus fra forsamlingen som en hilsen og takk for at det var tatt initiativ til å gjennomføre en slik enestående tur til en meget sjelden og unik begivenhet 20.04.06. (omtale henta frå www.begeistringen.no)

Ikkje berre for bønder... 9/2 2006
Humørbonden held også kurs for andre enn bønder, sjekk denne reportasjen frå avisa Nordhordland, (hent pdf)

2006 Oppmuntrande start på det nye året! Saman med redaktøren i Avisa Nordhordland og ordføraren i Lindås danna Humørbonden & Humøropaten ein Humørpatrulje.  Vi reiste rundt i distriktet nokre timar og oppmuntra ildsjeler "på flat mark" - dvs at det var heilt uventa for dei.  Bodskapen var enkel: Du gjer ein god jobb og vi er glade i deg.  BegeistRingen sprer seg som ringar i vatnet, følg med på desse sidene ut over våren: avisa Nordhordland u8 i begeistRingsaker Alle som ser desse sidene får copyright på idèen: retten til å kopiere og lage sin eigen Humørpatrulje.  Det einaste som krevst er MOT til å gå igang!



I Nordhordland var det vår alles kjære "Molla" som fekk den aller første begeistRingen. 

30/12 2005 Omtale i avisa Dagen som ei god oppsummering på det vi står for. Samstudnes markerer artikkelen flott avrunding på eit aktivt år ved Norsk Humørbondologisk Institutt, og legg føringar for eit spanande 2006. (hent pdf)

28/12 2005 Begeistring og oppmuntring omtala på leiarplass i avisa Nordhordland som ei positiv utfordring for 2006 (hent pdf)

24/12 2005 Oppmuntrings-cd for bønder, fiskarar mm, inklusive nylaga song om Humørbonden.  Arne Høyland står for tekst, musikk og heimebrenning av CD

20/12 2005 Nrk1. Hestelortsprettert og ein del Humørbondologi vart presentert i "Ut i naturen" sin maratonsending som gjekk heile kvelden. Velg rett dato her, og sjå nett-tv.

17/12 2005 - Humørbondologi omtala på leiarplass i avisa Strilen (hent pdf):

09/12 2005 - Humørbonden som oppmuntringskonsulent for Nrk 1.
Ann Jones i programposten Norgesglasset på Nrk p1 var vinterdeprimert og tok kontakt for oppmuntringstips. Sjekk sidene til Norgesglasset , her har nrk også lagt ut lydfilane frå hendinga, slik at andre kan hente inspirasjon til eigne "oppmuntringsstunt" i det ganske land ( sjekk under blokka "Lyd og video": Hør jakten på oppmuntring")



Ann Jones med svømmeføtter, althorn og ei geit i bånd - etter Humørbondens anbefaling for oppmuntringsarbeid.
Foto: Per Kristian Johansen, NRK

09/12 2005 Omtale av "Båten blir til mens du ror" - avisa Nordhordland
09/12 2005 Omtale av "Båten blir til mens du ror" - avisa Strilen

01/12 2005 Referanseuttalelse frå landbruksdirektøren i Buskerud:

"Jeg hørte Geir Styve på radioen i "Naturens verden". Det hørtes utrolig spennende ut, så jeg inviterte ham til å komme som foredragsholder på vår årlige samling for alle medarbeiderne ved landbrukskontorene i Buskerud. Jeg hadde store forventninger, og de ble til fulle innfridd.

Geir Styve trollbandt hele forsamlingen med sin glødende historie om hvordan man kan ta knekken på "bygdedyret", og han inspirererte til å stole på egne krefter og bruke hele gårdens ressurser i ny virksomhet. Humørbonden viste at han hadde hatt mot til å gå nye veier og fått det til i praksis.

Geir Styve var en stor inspirator og samlingens høydepunkt. Han oppfordret oss offentlige landbruksmedarbeidere til å være " oppmuntringsagenter" i sitt daglige møte med bonden, og dette vil bli stående som en sterk ledetråd i vårt arbeid for å legge til rette for ny næringsvirksomhet i landbruket i Buskerud. "

Astrid Aass
landbruksdirektør i Buskerud

17/11 2005 Ekte idegnistring viaFantasia® i Bestefarstova for Kystsogevekene
- Prosessleiar var min kollega Anders N.Midttun med tittel Kunnskaper viaFantasia® for U8 as.  Det må vere lov å kalla dette ein usedvanleg triveleg og nyskapande kveld. Vi gler oss til gjennomføring av arrangementet i 2006!

11/11 2005 Omtanke frå "De utenkte tankers Tårn" i Lucky Næroset
Humørbonden og www.oppmuntring.no har fått "heiderleg omtale" av sjølvaste fantasiministeren i Lucky Næroset i den nye boka hans  kalla <PRIKKEN> som vert lansert i desse dagar.
Oppmuntring gjer godt, særleg når den kjem frå nokon ein sjølv har som førebilete.  Eg vart pindadø stolt, eg!

09/11 2005 Bygdedyret avliva påny:


Hjelmåsrevyen tok opp temaet om at Bygdedyret treng oppmuntring no som dei er så hardt jakta på,og at det er naturstridig for bønder å vere i godt humør.  Humørbonden takkar for innsatsen, gratulerer med 15 år med knallgod revyinnsats, og har lagt ut avisomtale her

14/10 2005 Minister ledig for oppdrag:
Ein refleksjon:Landbruksminister Lars Sponheim generaliserte under landbruksoppgjerdet for nokre år sidan og sa: "Sutrebønder!". No har han mista jobben, Humørbonden har sin enno.

Radiolansering
Humørbondoligien er presentert i 3 radiokanalar:
- 09/12 og 12/12 2005: Nrk P1 - 2x5 minutt, som oppmuntringskonsulent
- 14/10 2005 og 03/04 2006: Nrk Sogn & Fjordane - 5 minutt, i samband med foredrag
- 09/10 2005: Nrk P1 - 1 time, Humørbondologisk filosofi
- 22/08 2005: Kanal 24 - 5 minutt, revolverintervju

17/10 2005 Varselplakat for Bygdedyr
I samband med at Humørbonden skulle halde forederag på Sogn Jord og Hagebruksskule vart det hengt opp advarslar på telefonstolpane i bygda.

12/09/05 BERGENS TIDENDE. Bondens marked i Bergen - og Humørbonden var der, naturlegvis.  På grunn av lite dyr tilgjengelege for utstilling rykte han på kort varsel ut med villsauexpressen.

05/09/05 Avisa STRILEN granskar Humørbondologien. Les meir her
I avisa var det også midtsidebilete av Humørbonden og Humøropaten (...kan Utbrettbonden muligens vere ein ny ide ?)

27/08/05 Skumringstime i Bestefarstova
, Avisa NORDHORDLAND

22/08/05 BERGENS TIDENDE på besøk hjå Humørbonden og Humøropaten.Les meir.

06/08/05 BERGENS TIDENDE med foto av Humørbonden som mjølkar ein sau på torget i Bergen. Les meir

19/06/05 Eg skal frå idag leve resten av livet som patentert Humørbonde.

Patentstyret har no nemleg godkjent varemerket Humørbonden®

Tank Design