Humørbonden – Geir Styve

 



HUMØR er å overvinne fortviling med muntre midlar (Werner Finck, 1902-1978)
BONDE - frå gamalnorsk búandi via bóndi og betyr «den som bur »

 

 

HUMØRBONDEN oppstod i 2003 gjennom at eg tok dette nye ordet som identitet og registrert varemerke. Grunnen var at eg var lei av den stadige bruken av ordet "sutrebonde" i media, og at eg oppdaga Werner Finck sin geniale definisjon av "humør" ( sjå ovanfor).

Sidan 2003 har Humørbonden® vorte stadig meir etterspurt som foredrags/kurshaldar til å dele erfaringar og synspunkt med ulike målgrupper: Lokalsamfunn, bedrifter, offentlege organisasjonar. Foredragsoversikt, nokre omtalar mm kan du lese meir om her på desse heimesidene. Det vil alltid skje ei tilpassing av foredraga i dialog med kunden om målet med oppdraget.  Du finn også omtalar av Geir Styve i andre format enn Humørbonden.

Det skal seiast med ein gong at Humørbonden ikkje er ein standupfigur.  Derimot vert det levert foredrag og kurs til ettertanke og utvikling.  Eigne opplevingar og praktiske døme er hovedingrediens, og humor kjem som krydder på toppen.

 Bodskapen er at det nyttar å gå i gang med å tenkje på nye måtar, og starte arbeidet med å gjere draumar til røyndom.  Vi kan ikkje få til ei positiv utvikling, lokalt eller globalt, utan at vi er fredselskande, empatiske og kreative.

Humørbonden® er oppteken av å kverke Bygdedyra, fordi dei tek motet frå folk. Han vil heller setje mot i folk, med andre ord oppmuntre dei. Difor arbeider han mykje med Oppmuntringssaka i Noreg, og er ein del av Det Nasjonale Oppmuntringstilsyn. Dette organet meiner at slentring er alt for lite påakta som kjelde til rekreasjon og inspirasjon. Og naturlegvis kjem ein ikkje særleg langt av garde utan handlingsmot

 Humørbonden held fast på at oppskrifta for suksess er enkel:

1. Gå i gang

2. Hold ut

 

Eg er fødd og oppvaksen på eit lite småbruk med 40 mål innmark på Hjelmås i Lindås kommune,  Hordaland.  Dette overtok eg saman med kona mi  Eva  i 1989, og bruket er framleis i sunn drift.  Vi held villsau og fjordhest.

Sidan tradisjonell gardsdrift på denne type småbruk vanskeleg gjev tilfredsstillande avkasting, har familien i fellesskap måtte tilpasse seg stadig nye situasjonar og endringar i marknaden. Dette har vi klart gjennom å utvikle eigne konsept for gardsbesøk bygd  på naturoppleving + humor. 

Gjennom ein slik etableringsprosess får ein møte både motstand og utfordringar, men også skaparglede og takksemd. Ein får erfare at ein må ta starte med det ein har, og at ein må bruke heile seg sjølv, nærområdet og kontaktnettet ein har tilgang til.

Eg er stolt over at eg i 2007 var med på å grunnleggje Livsverkene ® (www.livsverkene.no) som er ein initiativbasert oppmuntrings- og utviklingsallianse.  Gjennom denne alliansen leverer Humørbonden® også ein del fellesprodukt slik som eksempelvis Oppmuntringssertifisering og Bygdelivsverkstad.